Stine fekk ei ekstra flott gåve til morsdagen

Årdal kommune ynskjer å gjera ekstra stas på foreldre som gjer ein ekstra innsats for folketalet.

- Herregud, er det det eg trur eg ser? Stine Gruben Breivik (36) var på tidleg ultralyd i Bergen, slik etter å ha testa positivt for graviditet.

Det var fjerde gong ho var der, difor kjende ho godt til prosedyren.
- Eg såg det sjølv på skjermen, men greidde vel ikkje heilt å ta det innover meg.

- Kva er det du ser?  spurde jordmora. Eg sa eg såg to. Det gjorde ho òg. Men så sa ho: - Eg skal nett sjå om det er fleire. Då kjende eg at eg begynte å sveitta litt.

Stine (36) og Geir (32) hadde frå før Julie (10), Olai (6) og Vilmer (snart 4). Dei er godt etablert på garden Asperheim som dei tok over for halvanna år sidan, dyrkar juletre og gjetar ein saueflokk i tillegg til full jobb. At nummer fire var på veg, vart dei veldig glade for å oppdaga.
- Men at det skulle bli tvillingar, den såg eg ikkje komma. Kven gjer vel det, seier Stine no.

Ho lo og grein om kvarandre då ho formidla den glade bodskapen til sambuar Geir, som måtte sitta i bilen og venta. Han trudde sjølvsagt at ho berre tulla.
- Det var ikkje eigentleg så mykje det at det var tvillingar – det var meir at no kom me til å ha fem born som verka litt forskrekkande heilt i starten. Men me hadde godt tid til å venna oss til tanken, heldigvis.

No har dei altså fem felles born i alderen 0-10 år. Der det for ein generasjon attende var heilt vanleg med store syskinflokkar, er synkande fødselstal ei gjengs problemstilling landet over.

2020 hadde det lågaste fødselstalet som nokon gong er registrert i Noreg - med ein viss auke i løpet av 2021.
Interessant nok ligg Sogn og Fjordane på statistikken over dei regionane som hadde ein monaleg auke i fødselstala i løpet av fjoråret. 
I 2021 vart det fødd 43 born i Årdal, medan ein tilflyttar gjer at talet er totalt 44.

Dette er eit godt resultat, men det er naturleg nok ynskjeleg at fødselstala heldt eit stabilt nivå på over 50 i året – gjerne opp mot den førre rekorden som var i 2010 då 61 born vart fødde i Årdal.

- Me er sjølvsagt glade for kvar einaste nye vesle årdøl som kjem til verda og helsar særs gjerne endå fleire velkommen, slår ordførar Hilmar Høl fast.

Norske kvinner føder færre born enn nokon gong før, syner tal frå statistsik Sentralbyrå.
Årdal kommune ynskjer gjennom kampanjen Det Tredje Barnet både å gjera stas på foreldra som får fleire enn to – og inspirera fleire til å gjera det same.  
Fleirebornsforeldre får såleis overrekt ei gåvepakke frå Årdal kommune med mangfaldig innhald som kan vera til lukke og gagn i ein travel kvardag.

Medan fleire av handelsbedriftene på Årdalsenteret gjev gode rabattar i butikkane sine, gjev Årdal kommune ti timars husvask til travle småbarnsforeldre i samarbeid med Årdal Boligbyggelag og Årdal Reinhaldservice. Frisørstova på si side syter for å ta ekstra godt vare på mor med eit minispa.

- Det er heilt fantastisk, det set eg verkeleg stor pris på. Eg kjenner på at eg må prioritera å vaska og rydda for å halda orden på så mange, så viss eg no istaden kan få ein trilletur og komma heim til gullande reint hus, er det nesten ikkje til å tru.

Ein del av gåva er også meir rom for renovasjon i form av større bossdunk.
På Asperheim er det to husstandar som deler ein 240 liters bossdunk. Den store mengden bleier gjer sitt til at den tidvis blir for liten.

- Den bossdunken er som regel full tysdag, medan det er tømming kvar fredag, så dette er sårt tiltrengt. Heldigvis har me nokre besteforeldre som kjem på besøk og tek med seg litt bòs når dei reiser att, for det blir mykje ekstra med såpass mange bleieskift, slår han fast.

Årdal kommune syter heretter for større bossdunk til familien – utan ekstra auke i kommunale gebyr.

Bestefar Høl

Ordførar Hilmar Høl er naturleg nok godt nøgd med Stine og Geir sitt bidrag til folketalsutviklinga i bygda. Han har tidlegare vore klar på at han håpar 2022 byr på ein lang og iskald vinter i håp om at dette vil ha ein god effekt på folketalet i eit litt meir langsiktig perspektiv.
Mellom dei 44 nye små årdølene som såg dagens lys i fjor, var ordførar Høl sitt aller første barnebarn.

Bestefar Høl

- Eg må ærleg innrømma at eg på førehand ikkje skjønte heilt kor stor stas det faktisk er å bli bestefar, seier han, som har ein tydeleg bodskap til sambygdingar.
- Eg vil oppmoda alle passeleg godt vaksne årdøler om å bli besteforeldre, det kan verkeleg anbefalast og er eit samfunnsansvar som er lett å ta.

Fakta: Det Tredje Barnet

Norske kvinner  føder stadig færre born.
Om lag 42 prosent av norske kvinner føder minst to born. Dette har vore stabilt sidan like etter krigen, syner tal frå Statistisk Sentralbyrå.

42 prosent av norske kvinner som har fyllt 45 år, har to born.
15 prosent har eitt barn.
22 prosent har tre born.

7 prosent har fire eller fleire.

I tillegg har om lag 14 prosent ikkje fødd born.

Tal frå Institutt for Samfunnsforsking syner at fleire kvinner enn menn ynskjer seg fleire enn to born.
Ei nyleg gransking syner at 34 prosent av kvinnene ynskjer seg tre born, medan berre 25 prosent av mennene ynskjer det samme.

Heile 50 prosent av dei spurde mennene tykkjer det er nok med to. – Folk ønsker seg rett og slett ikkje fleire born, seier forskar Sara Cools til forskning.no

Her vert det i tillegg peika på at mange tenkjer at fleire born vil gå utover omsorg for og oppfølging av eldre søsken og at born kostar for mykje i forbruk av mat, klede og fritidsaktivitetar. I tillegg vil fleire born kreva større bustad.

Nederst på lista over grunnar til at ikkje norske kvinner får fleire born, er bekymring for framtida og hensyn til miljøet.

Kjelde: forskning.no og Statistisk Sentralbyrå