Velkomen til naturmangfaldveka 2025
Tirsdag den 14. januar til fredag den 17. januar 2025 inviterer Statsforvaltaren i Vestland på ny til digital naturmangfaldveke her i Vestland. Vi kan by på fagleg påfyll av både grønne og blå tema. No har vi opna for påmelding
Vi oppmodar deg til å halde av føremiddagane veke tre 2025 for grønt og blått fagleg påfyll. Dyktige innleiarar frå både nasjonalt og lokalt plan vil dele av si kunnskap og erfaring. Del gjerne denne artikkelen med dei du trur vil kunne ha glede av påfyll.
Tysdag, onsdag og torsdag er webinaret planlagt frå kl. 9.30 til 11.00, og fredag frå kl. 9.30 til 11.15. Vi oppmodar deltarar til å leggje inn aktuelle tidspunkt i sin kalender.
Det kan kome endringar i programmet.
Program for denna veka er:
- Tysdag 14. januar kl. 9:30-11:00: Naturmangfald i kommunal planlegging
- Onsdag 15. januar kl. 09:30-11:30: Den ville, vakre og sårbare vestlandsnaturen
- Torsdag 16. januar kl. 09:30-11:00: Landbruk, naturbeitemark og skog
- Fredag 17. januar kl. 09:30-11:15: Karbonlagring: til lands og til vanns, og i kommunane med!
Gå inn her for å lesa meir om programma og for påmelding
Sist endra 07.01.2025 13:16