Formannskapet har i dag 26. januar, i lag med representantar frå Hydro Årdal, Hydro Energi, Årdal Utvikling og Årdal Energi, fått orientering frå det norskeigde selskapet Fred. Olsen Renewables om mogleg etablering av vindpark i Årdal kommune.
Aktuelt område som er vurdert er sørvest for Sletterust.
Ingen ting er avklart eller avgjort. Møtet i dag var kun ei orientering.
Industrien treng meir kraft og det er derfor viktig å sjå på ulike verkemiddel for å få dette til.