Kunngjering om alminneleg ettersyn - forslag på meddommarar 2025-2028

Valnemnda har i møte 15. mai, handsama framlegg til meddommarar frå Årdal kommune for perioden 2025-2028. Med heimel i domstollova §68 vert framlegg til kandidatar lagt ut til allminneleg ettersyn i to veker.  Kommunestyret skal i møte 20. juni gjere det formelle valet.  Dei som blir valde trer i funksjon i vervet frå 1. januar 2025.  Frist for merknader er sett til 6. juni.

Ny tilsett i stilling som miljøterapeut for born og unge

Jannicke Øyre Nundal har no byrja i stillinga miljøterapeut for born og unge. Stillinga er eit samarbeid mellom oppvekst (Farnes skule og Tangen skule) og psykisk helseteneste. Jannicke har arbeidsstaden sin ved begge skulane, samt i psykisk helseteneste sine lokale i Tangevegen 14.

Formannskapsmøte 23. mai

Det er formannskapsmøte torsdag 23. mai kl. 12.00 i kommunestyresalen.  Du kan følgje møtet direkte på KommuneTV

Lærar i Vaksenopplæringa

Årdal vaksenopplæring har ledig 100% fast stilling som lærar og eitt vikariat i 30% stilling for skuleåret 24/25 begge stillingane med tiltreding frå 01.08.2024. Søknadsfrist 30. juni.

Biologar på feltarbeid i elvar

Kommunen deltek saman med andre kommunar langs Sognefjorden i eit samarbeid med fylkeskommunen og Statsforvaltaren om å undersøke fleire elver og innsjøar.  Undersøkingane vil gje svar på kva for miljøtilstand vassførekomstane våre har og gje ein peikepinn på eventuell ureining.

Klimasamarbeid med Hydro og kommunen

Med utgangspunkt i industrikommunen Årdal skal Noradapt bidra til å utvikle ein ny, samla metode for å vurdere risikoen som følgjer med både klimaendringar, tap av naturmangfald, og omstilling av samfunnet. – Så vidt vi har klart å finne ut, er det aldri laga en slik metode før, seier Noradapt-leiar Carlo Aall.

Varroa påvist i Lærdal

Mattilsynet har påvist varroamidd i bifolk i Lærdal. Utbrotet blir handtert lokalt. Har du bier, kan det vere lurt å sjekke om du er råka. 

Representantskapsmøte for Alarmsentralen IKS - ope møte

Klokka 09:00 tysdag 7. mai skal det haldast representantskapsmøte for Alarmsentralen IKS. Møte er opent for offentlegheita og kan følgjast på denne linken. Klikk her for å bli med i møtet

Kikhostevaskine for gravide i svangerskapsveke 24

Utsending av kommunale avgifter er forsinka

Faktura for Kommunale avgifter 2. termin 2024 er forsinka.