Informasjon om vegarbeid på fylkesveg 53

Kort om prosjektet To fanggjerde skal setjast opp mellom Finnsåstunellen og Kolnostunnelen. Funksjonen til eit fanggjerde er å ta imot steinsprang. Samla lengde på gjerda er om lag 950 meter. Det lengste gjerdet er nesten 700 meter og går langs Finnsåstunnellen. Gjerdet frå Kolnostunnellen er 260 meter. Arbeidet er delt opp i fire fasar; Inspeksjon og reinsk, vegetasjonsrydding av traséen til gjerda, boring og etablering av forankringar til gjerda, så installasjon og montering av gjerda. Etter at gjerda er installert, skal vegskjæringane under gjerda sikrast.  

Høyring - alkoholpolitiske retningslinjer 2024-2028

Løyveperioden for sal- og skjenkeløyve i Årdal kommune går mot slutten og kommunestyret skal i møte 20. juni tildele løyver for perioden 2024-2028. Årdal kommune sin rusmiddelpolitiske handlingsplan vert ikkje ferdig revidert før hausten 2024 og med det som bakgrunn er det utarbeidd alkoholpolitiske retningslinjer som no vert sendt på høyring.  Høyringsfrist vert sett til 14. juni.

Flest drukningsulykker om sommaren: Lær deg vassvettreglane

Norge er eit land med mykje vatn og ei lang kystlinje, og med varmare temperaturar trekkjer fleire mot sjøen og elvane. Nokon gonger kan det gå galt. Me vil difor minne alle om å lære seg vassvettreglane i sommar.

Slutt på utlevering av avfallsposar på tenestetorget og biblioteket

I ein overgangsperiode, har publikum hatt høve til å få utlevert grøne avfallsposar (matavfall) på tenestetorget på Årdalstangen og på biblioteket i Øvre Årdal. SIMAS har no etablert rutiner for utlevering posar og Årdal kommune vil difor ikkje lengre levera ut slike posar til publikum.

Skogbrannfare Indre Sogn.

Tørt vêr i fleire veker gjer at skogbrannfaren er på oransje nivå.

Årdal Brann og redning skal ha øvelse i utrykningskøyring

Årdal Brann og redning skal ha opplæring i utrykningskøyring i veke 22, fra mandag 27 mai – torsdag 30.mai

Lokal fritidskasse i Årdal kommune

Ordninga lokal fritidskasse skal bidra til å dekje kostnadar til faste organiserte fritidsaktivitetar for born og unge i skulealder (6-16 år) med bustadadresse i Årdal Kommune

Kunngjering om alminneleg ettersyn - forslag på meddommarar 2025-2028

Valnemnda har i møte 15. mai, handsama framlegg til meddommarar frå Årdal kommune for perioden 2025-2028. Med heimel i domstollova §68 vert framlegg til kandidatar lagt ut til allminneleg ettersyn i to veker.  Kommunestyret skal i møte 20. juni gjere det formelle valet.  Dei som blir valde trer i funksjon i vervet frå 1. januar 2025.  Frist for merknader er sett til 6. juni.

Ny tilsett i stilling som miljøterapeut for born og unge

Jannicke Øyre Nundal har no byrja i stillinga miljøterapeut for born og unge. Stillinga er eit samarbeid mellom oppvekst (Farnes skule og Tangen skule) og psykisk helseteneste. Jannicke har arbeidsstaden sin ved begge skulane, samt i psykisk helseteneste sine lokale i Tangevegen 14.

Formannskapsmøte 23. mai

Det er formannskapsmøte torsdag 23. mai kl. 12.00 i kommunestyresalen.  Du kan følgje møtet direkte på KommuneTV